Styreleiar Jarle Ljosnes og styremedlem Kristin Holthe kan gleda seg over offentlege midlar til eit stort løft av det tekniske utstyret ved Ølen kulturhus. 
Foto: Arne Frøkedal
Jarle Ljosnes er dagleg leiar i Ølen kulturhus. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Får over godt over ein halv million

Ølen kulturhus er tildel 570.000 kroner til lysutstyr, lydmiksar, mikrofonar og monitorsystem. Midlane kjem frå Kulturrom (tidlegare Musikkutstyrsordninga), som er ei nasjonal tilskotsordning for teknisk utstyr, akustikk og lokale.

Jarle Ljosnes, styreleiar og primus motor for storstova i Ølen, er jublande glad for pengane og slår fast at dei kjem godt med for det dugnadsdrivne kulturhuset.

— Tusen takk til Kulturrom. Bortsett frå PA-anlegg så har me i bestefall utrangert sceneteknisk utstyr av det vesle me har. Det aller meste manglar og me må leiga utstyr for kvart arrangement. Når Kulturrom nå innvilgar vår søknad betyr det at me kan løfta opp den tekniske tilstanden for huset til eit nivå som var forventa i 2020. For artistar betyr det at dei kan levera sitt beste og vera trygge på at utstyret ikkje hemmar dei på noko vis. Dei vil koma til eit hus som er rigga for å ta imot dei, enten det er lokale eller tilreisande, seier Ljosnes i ein kommentar.

Også betre for publikum

Som arrangør vil Ølen kulturhus nå kunna tilby eit hus som er i god teknisk stand og dei sparer seg masse dugnadstid og innleigekostnad på arrangementa.

— Men kanskje viktigast av alt så kan me kan tilby publikum ei betre oppleving og fleire typar arrangement i eit breiare spekter. Me har jo litt færre hovud å dela kostnadane på her på bygda, noko som ofte kan gjera det utfordrande å arrangera ein del ting som blir for dyrt når alle kostnadene kjem på. Dette blir heilt fantastisk og blir ei svært etterlengta oppgradering, seier Jarle Ljosnes.

Magne søknadar

Kulturrom har i si andre tildeling i 2020 spreidd 15,2 millionar kroner, fordelt på 79 søknader, til kulturrom over landet. Det kom inn 204 søknader med ein samla investeringssum på 144 millionar kroner.

Så langt i år har Kulturrom mottatt 612 søknadar om tilskot (mot 484 i fjor og 268 året før) med ein investeringssum på rundt 313 millionar kroner. Totalt har Kulturrom gitt over 40 millionar kroner i tilskot til infrastruktur i norsk kultursektor i inneverande år.

Ølen kulturhus fekk også midlar ved første tildeling i år; vel 50.000 kroner til utstyr til eit øvingsrom.