Me har ikkje lukkast i å finne ut korleis smitten kom inn på Vindafjordtunet. Me veit at både tilsette og bebuarar testa positivt med kort mellomrom i starten av utbrotet. Dette kan tyde på at smitten var i avdelinga nokre dagar før det vart oppdaga. Då kan smitte ha komme frå både tilsette, pårørande og eventuelt bebuarar som hadde vore utanfor institusjonen siste veka før utbrotet. Me kjem ikkje nærare nokon konklusjon på dette.
Siste veka har med hatt smitte blant utanlandsk arbeidskraft som er busett i kommunen. Her har me førebels god oversikt over situasjonen. I dag er der 29 personar i karantene og 2 i isolasjon i denne gruppa. Dei vert testa på ny før ein endrar status på smittetiltaka.
Ein har råda Ølen vidaregåande skule til å nytte heimeundervisning denne og neste veke. Dette på grunn av smitte blant elevane. Her ventar me framleis på testsvar i samband med smittesporing. Alle andre skular og barnehagar driv på gult nivå denne veka.
Me har fleire smitta personar i kommunen, både på grunn av smitte blant tilsette ved Vindafjordtunet, men og blant andre innbyggarar. Dette medfører at ein del vert nærkontaktar som vert sett i karantene. Ut frå dette er smittesituasjonen framleis alvorleg, og ein har forlenga dei forsterka lokale smitteråda fram til 11. desember.
Me har god testkapasitet ved teststasjonen vår, og det er framleis viktig å melde seg for testing om ein har symptom som nyoppståtte luftvegsplager, hodepine, influensaliknande symptom, magesmerter osv. Me er heilt avhengige av at ein testar seg, i tillegg skal ein halde seg heime om ein har symptom.
Viss trenden me har hatt denne veka fortset, ser det ut til at me kan gå mot jul utan andre restriksjonar enn dei nasjonale.
Til sist kan det opplysast at kommunen er i gang med å planlegge for vaksinering på nyåret, og me håpar på fungerande vaksiner som kan gjere det mogeleg å lette på alle tiltaka og få ein «normal» kvardag igjen.
Terje Kleiven
Kommuneoverlege