Betre veg mot Olalia
Arbeidet med oppgradering av Olalivegen nærmar seg slutten og snart kan dagleg leiar i Friluftsrådet Vest, Oddvin Øvernes, ynskja fjellfolk velkomen til ein sikrare køyretur opp mot parkeringsplassen på Opheim i Ølen.
Humpar og holer i vegen er borte. Ny grus er på plass, massar skifta ut og passasje for møtande trafikk er blitt utbetra. Grøftearbeid er utført og nye ferister er komne på plass. Over nyttår skal fleire meter med autovern vera på plass og bidra til å gje bilistane ein sikrare køyretur opp den 1,3 kilometer lange Olalivegen frå europavegen til parkeringsplassen på Opheim.
— Det er utført ein god del arbeid og me har fått gjort utbetringar langs heile vegen. Ein del flaskehalsar er utbetra og nå ser ein trafikken som kjem imot og har høve til å køyra til sides. Vegen er blitt betre enn den var. Den er mykje brukt og me er glad for å ha fått eit betre tilbod til folk som vil ut på tur i området mot Olalia, seier Oddvin Øvernes.
Koronamidlar