Vindafjord kommune melder laurdag at det fredag blei registrert eit nytt tilfelle av importsmitte i kommunen. Det blir opplyst at smittesporing pågår og er under kontroll. Ved teststasjonen fredag blei det testa 19 personar og det er totalt 115 registrerte tilfelle med koronavirus i Vindafjord kommune.