Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
To nye personar i Vindafjord har fått påvist smitte.

— Er du usikker på om du bør teste deg, så gå og test deg

– Du kan utgjere ein forskjell. Vi er heilt avhengig av at kvar enkelt følgjar alle råda og reglane, for det er berre slik vi kan få kontroll på smitten, sa Ropstad på pressekonferansen til regjeringa søndag kveld.

Han la vekt på kor viktig det er å teste seg, sjølv om ein berre har milde symptom.

– Fleire kommunar melder no at folk har symptom i fleire dagar før dei testar seg. Mange tenkjer at det berre er ei heilt vanleg forkjøling.

– Det er slik at koronaviruset ser svært ulikt ut hos ulike menneske. Det er derfor veldig viktig at du testar deg, sjølv om du berre har veldig milde symptom. Elles risikerer du å spreie smitten vidare til folk som kan bli svært sjuke, sa Ropstad.

Han sa at den korte beskjeden er enkel:

– Er du usikker på om du bør teste deg, så gå og test deg.

Han oppmoda òg folk om å bruke den oppdaterte versjonen av smittesportingsappen Smittestopp.

– Det kan spare enormt viktig tid for helsepersonell som er pressa den kommande tida, sa Ropstad.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS