Terje Wester i Fatland har meldt frå til styret at dei må finna ny konsernsjef.Pressefoto.
Terje Wester i Fatland har meldt frå til styret at dei må finna ny konsernsjef.Pressefoto.

Fatland jaktar ny konsernsjef

Landets største private slakterikonsern er på jakt etter ny toppsjef. Terje Wester (60) gir seg som konsernsjef etter tolv år i stolen.

Publisert Sist oppdatert

Som konsernsjef i Fatland-gruppa har Wester vore med på ein formidabel vekst. Det familieeigde konsernet med opphav i Vindafjord kommune, har administrasjon og stort slakteri i Ølen. Sidan 60-åringen starta som toppsjef i har omsetninga i gruppa stige frå 1,99 milliardar kroner til 5,5 milliardar i 2020. Berre det siste året auka omsetninga med rundt 800 millionar kroner.

Konsernet sin posisjon hos både kundar og bønder er betydeleg styrka under Wester si leiing, og Fatland er i dag den klart største privateide kjøttbedrifta i Noreg.

Nå har Wester informert styret med Svein Fatland i spissen, om at han ynskjer å bruka all si tid på å leia Fatland Jæren AS, der han er dagleg leiar i kombinasjon med å vera konsernsjef. Han er busett i Sandnes. Her har dotterselskapet Fatland Jæren AS har bygd seg opp til ein omsetning på over 2,2 milliardar kroner.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS