«Død over katolisismen og Heilag-Olav og heile driten!» ropa Steinar Aalvik då brødbaksten sat fast i formene i både fyrste og andre forsøk. Det var synd, for oppskrifta hadde han teke frå matspalta mi i «Bondevennen», og brøda er svært gode. Kva han kan ha gjort gale, veit eg ikkje, bortsett frå då han søkte kvinnfolkhjelp og vart tilrådd å ha matpapir i formene. Det var eit dårleg råd; matpapir høver rundt nista, men til bakst er det bakepapir som må til. Prøv det neste gong!
Som matskribent har eg vore i hardare vêr enn dette. Då eg på 80-talet fleire haustar var «feriebiskop» i Tromsø, hadde eg ei hushjelp som heite fru Olsen og var eit funn. Ho laga både frukost og kveldsmat til paven då han vitja byen i 1989. Og så baka ho eit framifrå grovbrød, som eg i boka «Maten er halve føda» kalla «Fru Olsens pavelige grovbrød». Deigen skulle fyllast i mjølkekartongar og stå i omnen på 70 grader heile natta. Det kom mange brev og telefonar frå folk som nytta denne oppskrifta: Dei vakna til ein steikeomn full av storkna brøddeig. Eg hadde gløymd ein liten detalj: Fru Olsen hadde deigen i toliters mjølkekartongar, som fanst på 80-talet, men ikkje då boka mi kom ut. I literkartongane gjorde deigen opprør og sprengde seg ut – til liten prydnad for steikeomnen.
Det vert baka altfor lite brød i dei tusen heimar her til lands. Eg trur mange ekteskap ville vore redda og mange born vore snillare om det oftare var brødbakstlukt i heimen. Sjølv et eg sjeldan ei brødskive som ikkje er av eigen bakst. Straks brødet er kaldt, skjer eg det i skiver og frys det, og så tiner eg skivene i brødristaren etter kvart, og har alltid ferskt brød. Etter kvart har eg funne ei oppskrift som sjølv Steinar Aalvik vil lukkast med – eg vil kalla henne «idiotsikker». Ha 1 kg grovbakstmjøl, 1½ dl solsikkefrø, 1½ dl havregryn, 2 dl linfrø, 100 g valnøtter, 1 ss salt, 50 g turrgjær og 11 dl lunka vatn i ein bakebolle. Rør det godt saman og fyll deigen i to former med bakepapir. Papiret kan vera litt opprørsk når det vert klemd ned i formene, men med ei deigklyse i kvar ende roar det seg. Set brøda i omnen straks, på 50 grader, og lat dei stå 30-40 min. Skru så omnsvarmen opp til 200 grader, og lat dei stå ein time til. Kvelv dei på rist og ta av papiret.
Eg er viss på at Steinar Aalvik vil få eit ljosare syn både på katolisismen og Sankt Olav etter ei brødskive av dette slaget, gjerne med kaldt meierismør skore med ostehøvel som fundament for godt pålegg. God appetitt!
Kjell Arild Pollestad
Bryne