Digitalt med elevråda
Dersom fysiske folkemøte ikkje blir mogleg å gjennomføre innan rimeleg tid, viser Bergesen til at det er eksempel på at slike møte er gjennomført digitalt. Om det er aktuelt, og om det er tilstrekkeleg, er ikkje vurdert enno.
Kommunedirektøren og kommunalsjef Nils Erik Eide har hatt møte med alle elevråda i kommunen via Teams. 
— Der fekk elevane gitt tilbakemeldingar på rapporten og fortalt om korleis dei oppever situasjonen. Det er laga eit referat frå møtet, men det har vi som eit internt dokument fram til ei innstilling om planen blir lagt fram, seier Bergesen.
Det er stort engasjement rundt framtida for skulen og barnehagen på Bjoa, og kvoten på 50 deltakarar var brukt opp før fristen for påmelding til folkemøta gjekk ut før helga. Leiar Bente Skålnes Sandsgård i FAU meiner Vindafjord kommune må utsetje saka dersom covid-19 skapar problem med tidsfristar. Her saman med Lene Hetland etter eit bygdemøte i juni i fjor då Norconsult sin rapport var lagt fram. Arkivfoto: Øystein Silde Frønsdal

Fryktar tidspress