Håp om festivalsommar
Alf Warloe Christophersen kan garantera éin ting: Det blir festival til sommaren – i ein eller annan variant. Om det blir den gode, gamle bluesfestivalen, vil han venta med å svara på.
Nytt år og nye moglegheiter er eit ordtak som sjeldan har vore meir relevant enn i 2021. Fjoråret blei eit år folk seint vil gløyma, og mens mange opplevde å få seg ein smekk over fingrane», opplevde kulturbransjen ein real omgang rundjuling, på blanke messingen – med spanskrøyr.
For Alf Warloe Christophersen blei fjorårets avlysing av Bluesfestivalen ein nedtur, og i all hovudsak var dette fordi mange blei så skuffa.
— Eg fekk mellom 500 og 1.000 meldingar frå folk som ville visa si støtte, og som synest det var trist at den tradisjonelle festivalen blei avlyst. 95 prosent av alle gjestene er tilreisande, og sjølv om me klarte å stabla på beina ein mini-festival, som for så vidt blei utruleg kjekk, er det ikkje det same som ein tradisjonell bluesfestival med tilreisande gjester og tusenvis av publikum, seier bluesgeneralen.