Illustrasjonsfoto: Arne Frøkedal
Illustrasjonsfoto: Arne Frøkedal

Mann fekk tre over seg

Mann frå Etne til sjukehus i luftambulanse etter å ha fått eit tre over seg. Rett etter tok ei løe i Sandeid fyr.

Laurdag gjekk alarmen i Etne då AMK fekk melding om at ein mann i 50-åra hadde fått eit tre over seg. Ulukka har skjedd i samband med bruk av vinsj på tidlegare felt trestamme, og politiet tar avhøyr av vitne på staden. Skadeomfanget er ukjent.

— Me har fått inn melding om at mannen er oppegåande, altså vaken og bevisst, men han blir sendt til sjukehus i helikopter for sikkerheits skuld. Helikopteret er rekvirert frå Bergen, opplyser operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Jostein Reiestad til Grannar.

Omdirigert til Sandeid

Både brann, politi og ambulanse blei sendt til ulukkesstaden, men etter kort tid blei brann og politi omdirigert til Sandeid. Der var det kome inn melding om brann i ei løe på Viland. Reiestad kan opplysa at brannen allereie er sløkt, og har truleg oppstått i ei vifte i taket.