I delar av landet var det ladekaos i romjulshelga på grunn av for få laderar til elbilar, ifølgje NAF som vil ha ein ny ladestrategi.
Foto: NAF
Ny rekord, men lading heng etter
Rekordsalet av elbilar fører til meir kø, meir venting og meir frustrasjon på ladeplassane, meiner NAF som vil ha ein nasjonal ladestrategi.
2020 var nok eit rekordår for elbil-salet, men ladeutbygginga heng etter, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i Norges Automobilforbund i ei pressemelding.
Gapet større
Desember var tidenes elbil-månad i Noreg der to av tre nye bilar, 67 prosent, var heilt elektriske, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.