Kinosjef Ingvild Slåke i Etne har måtta redusera tilbodet grunna restriksjonar mot smittespreiing.Arkivfoto: Anita Haugland
Kinosjef Ingvild Slåke i Etne har måtta redusera tilbodet grunna restriksjonar mot smittespreiing.

Redusert kinotilbod

Nye nasjonale koronatiltak inneber at arrangement som samlar personar frå fleire kommunar ikkje er tilrådd. Ved Etne kino er dørene opne, men med tilbodet redusert.

Publisert Sist oppdatert

Sist veke gjekk myndigheitene ut med nye reglar knytt til arrangement som inneber at arrangement som samlar personar frå fleire kommunar bør utsetjast. Dette gjeld både idrettsarrangement, seminar, kurs, konferansar, seremoniar, varemesser og kulturarrangement som mellom anna kino, konsertar og teater. Etter samråd med smittevernlegen i Etne kommune held Etne kino ope, men tilbodet er redusert til to dagar i veka.

— Kinoen har lov til å ha ope. Me tek ei heilheitsvurdering for heile distriktet og dersom smittetrykket endrar seg vil me vurdera situasjonen, seier smittevernlege Elisabeth Winterthun og overvakar nabokommunane nøye.

Om det berre er etnebuar som stikk innom kinosalen er umogeleg å finna ut av.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS