Krakkanuten midt i bildet skil Vatnedalen frå resten av Vats-bygda. Foto: Jon Edvardsen
Krakkanuten midt i bildet skil Vatnedalen frå resten av Vats-bygda. Foto: Jon Edvardsen

Safta i Vatnedalen

Vatnedalen er blitt Vindafjord sin bakgard. Vegfarande får elles i landet ofte nøya seg med å fara inn i tunnelar gjennom fjell og finne. Elleflotåsen og Krakkanuten kan ennå hindra at dobbeltløp av monstermastrer og motorveg fyller den fagre Vatnedalen med all den infrastruktur som trengst for det som blir kalla grøne næringsområde og batterifabrikkar.

Då bestefar var ung, skapte bureisarar Dalsbruket på Bjoa. Store tankar blei borne fram om å dyrka opp heile Vikedalen mellom Vikestølen og Eikesdal. Besteforeldra mine tenkte seg at ein gong kunne Vatnedalen dyrkast opp til å bli som Dalsbruket eller som den reine Liaheiå.  Torvhusmurane kunne gjerast om til gardshus – stor løe og ikkje mykje mindre våning.

Fra veitene i Vatnedalen

Bureisinga som aldri kom i bestefar og bestemor sine beste år på 1920-talet, kunne ha blitt verkeleggjord 60-70-år seinare. Om ikkje norsk sjølvbergingspolitikk og eigenproduksjon hadde møtt det verkelege livet etter 1994 med EU-tilpassa jordbruksdrift, gardsstorleik og sjølvbergingsprosent.

Somme barneminne set seg fast. Saftvatnet i Vatnedalen er eit slikt minne. «Det er frå veitene i Vatnedalen», fortalde tanta mi meg då eg fekk gult saftvatn av henne og onkelen i hytta deira i Vatnedalen. Og sanneleg trur eg fargeleten på grøftevatnet kunne passa. Jo, eg innbilte meg at noko vanleg myrvatn fanst det ikkje i Vatnedalen. Der kunne ein drikka seg utørst av spesiell gulsaft – god på smak, fin i fargen og betre enn både Solo og Fanta.

Lensmannsarresten i Eikesdal

Inntoget av dei store mastre-mennene gutefantasien såg på tur i Vatnedalen, varsla den nye tida. «Å arbeida på linja», hadde gitt nokre ekstraskillingar for bestefar og naboane i dei tider straumen – den elektriske – skulle fram gjennom bygdene.

Større håp låg det i å gå og leita etter gullskrinet Gjest Bårdsen la etter seg i dalen – visstnok mura godt ned i ei ur der før han laut prøva lensmannsarresten på Eikesdal. Det gjeld om å stå på rette staden klokka 12 når det skin i nøklaholet.

Vatnedalen hadde frå gamalt av sin ferdsels- og kløvjeveg. Ei og anna forseggjort stikkrenne kunne vera å sjå. Og ein gong i 1850-åra var den hittil største bondeleiaren på Stortinget, Ole Gabriel Ueland, på synfaring i Vatnedalen og tenkte seg storveg gjennom dalen. Men den gongen var det lite politisk mynt å vinna seg med å leggja vegen utanom Vats-bygda.

Bak talemåtane om grøn framtid ved stadig å ta ut meir vasskraft, ligg ønskjet om å få behalda den same velstanden som me visst alle framleis vil ha – når det kjem til stykke. Berekraftsmåla og -nåla på jakkeslaget er underordna samfunnsvekst og økonomisk velstand. Underordninga gjeld for både saftvatnet i Vatnedalen og for steingardsmonument over dei som på Liaheiå verkeleg greidde gjera hei og myr til bakkar og bustader.

Nils Olav Østrem

Først avsnitt i dette innlegget kom ikkje på trykk i måndagens utgåve grunna ein feil i produksjonen. Grannar seier seg lei for det!
Red.