Statsminister Erna Solberg ber folk hugse på meteren, også når dei er utandørs. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Statsminister Erna Solberg ber folk hugse på meteren, også når dei er utandørs. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

— Vent 14 dagar med å gå på besøk

Regjeringa ber alle i Noreg om å ikkje ha besøk dei neste 14 dagane. Samtidig blir det sett ei grense på fem personar i private samankomstar utanfor eigen heim.

— Vi har etter jul sett færre som testar seg, og av dei som testar seg går talet på positive testar opp. Smitta er aukande og spreiar seg til nye delar av landet. Eg ber nå om at alle blir med på eit krafttak for å unngå ei ny smittebølgje, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.

For å bryte smittebølgje

Basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa bestemt at smittevern-tiltaka skal forsterkast, slik at kommunane har kapasitet til å handtere lokale utbrot og få på plass meir testkapasitet. Samstundes skal registreringssystem for tilreisande frå utlandet bli fasa inn.

— Føremålet med dei nye, strenge tiltak er å bryte ein eventuell ny smittebølgje. Vi må vente med å ta opp at sosialt liv til det har gått 14 dagar, i det som blir ein sosial nyttårspause for alle, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Tiltaka vil førebels vare i 14 dagar, for å få ein betre oversikt over situasjonen.

Her er anbefalingane, som gjeld for alle i heile landet:

 Sosial kontakt

  • Unngå gjestar i heimen. Vent 14 dagar med private besøk. Unntak for naudsynte heimetenester og besøk hos personar som er i livet sin siste fase.
  • Åleinebuarar kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste vener, eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, anbefalast utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/kohortar.

Reiser

  • Unngå alle reiser i inn- utland som ikkje er naudsynte. Opphald på hytte med personer frå same husstand blir ikkje råda frå, innanfor dei lokale og nasjonale rådane og reglane som gjeld.

Skular og utdanning

  • All undervisning og alle planlagde arrangement ved universitet, høgskular og fagskular blir digitale frem til 18. januar.
  • Alle landets vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå.
  • Det gis ikkje nasjonale føringar for nedstenging av folkehøgskulane eller bibelskulane. Folkehøgskulane følgjer anbefalingar og retningslinjer frå lokale helsestyresmakter.

 Arbeidsplassar

  • Heimekontor for alle som har mogelegheit til dette.

Butikkar

  • Alle kjøpesentre og butikkar bør innføre maks-tal på besøkande, slik at det er mogeleg å halde avstand samt ha adgangskontroll. Regjeringa vil i løpet av dei nærmaste dagane vurdere om det skal bli nedfelt i eiga forskrift.

Idrett

  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast om det er mogeleg å halde god avstand.
  • Toppidretten og kulturutøvarar som har et særskilt unntak med eiga regulering, er ikkje omfatta.

Private samankomstar og arrangement

  • Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Om ein er fleire enn fem i same husstand, kan alle i husstanden møtast.
  • Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar og liknande. 200 personer kor alle i publikum sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om sete ikkje er fastmontert. (Nytt)
  • Dei fleste av desse arrangementa vil uansett ikkje vere i tråd med nasjonale anbefalingar og bør difor utsettast eller avlysast.

Uteliv og serveringsstadar

  • Det innførast nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstadar og arrangement.

Nye tiltak i kommunar og regionar med mykje smitte

Regjeringa legg til fleire tiltak som kommunar og regionar med stort smittetrykk bør vurdere å innføre.

  • om barneskular og barnehagar skal følge rettleiar for «raudt nivå».
  • påbod om bruk av munnbind på offentleg stad der det ikkje er mogeleg å halde avstand på minimum ein meter.
  • påbod om heimekontor i den utstrekking det er mogeleg.
  • påbod om stenging av drift av treningssentre, bingo -og svømmehallar.