Kommuneoverlege Jostein Helgeland opplyser til Haugesunds Avis at personen som er smitta, er sett i isolasjon og at nærkontaktar er testa og sette i karantene.
— Fleire hundre skal testast, så det er ein god del. Vi vel å gå veldig breitt ut. Det er ikkje vanleg, men vi gjer det i dette tilfellet, seier kommuneoverlegen.
Personen har vore i arbeid ved bedrifta, men skal ifølgje Helgeland så vidt dei veit ikkje ha vore i kontakt med lokalbefolkninga.
— Vi undersøkjer no om fleire på arbeidsplassen kan vere smitta eller om arbeidsplassen kan vere smittekjelda, seier Helgeland.
Han legg til at dei tidlegare har vore ein person på arbeidsplassen som har vore smitta, men seier at det ikkje er nokon klar samanheng.
Følgjer utviklinga
Vindafjord kommune som har mange pendlarar både til og frå Haugesund, følgjer utviklinga nøye. Ordførar Tove Elise Madland seier til Grannar at kommuneoverlege Terje Kleiven er ei tett dialog me sin kollega i Haugesund.
— Blant anna med å sjekka ut bustad og om det kan vera ein eventuell link til Vindafjord, seier Madland.
Også i Etne er kommuneleiinga på tå hev etter at det er registrert mutant variant av covid-19 austover i Ullensvang kommune. Det er blant anna innført råd om at innbyggjarane ikkje reiser til dei ti kommunane i Hardanger og Bergen-området som er omfatta av strenge restriktsjonar, som ikkje er strengt nødvendige.