Alle bransjar opplever stor nedgang i konkursar denne månaden. Mest oppsiktsvekkande er det at dei mest utsette bransjane innan hotell, restaurant og detaljhandel har stor nedgang i januar, sett opp mot normalmånaden» januar i fjor. Dette viser tal frå Bisnode.
Illustrasjonsfoto: Bisnode/NTB
Halvering av konkursar
Talet på konkursar i årets første månad har gått ned med heile 49,2 prosent samanlikna med januar i fjor.
Konkursstatistikken til data- og analyseselskapet Bisnode viser at store deler av næringslivet held seg på beina. Også talet på bedrifter som er tvangsavvikla av myndigheitene har gått ned — med 36,2 prosent i same periode.
I alt 490 bedrifter gjekk konkurs eller blei tvangsavvikla i januar. Det er nesten halvparten så mange som i januar i fjor, kor næringslivet enno ikkje hadde fått merka restriksjonar som følgje av korona-pandemien. Sverige har ein nedgang på 11 prosent. Danmark hadde svært låge konkurstal gjennom 2020 med ein samla nedgang på 33 prosent. Men nå har det eksplodert med ein oppgang i konkursar på heile 114 prosent, skriv Bosnode i ei pressemelding
Fryktar danske tilstandar