Helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: Berit Roald / NTB
Helse- og omsorgsminister Bent Høie.

— Ingen eigne festivalar for vaksinerte i sommar

NPK-NTB: Helseminister Bent Høie (H) understrekar at vaksinasjon er avgjerande for å oppheve koronatiltak, men avfeiar at det blir eigne arrangement for vaksinerte.

— Det blir ikkje slik, som nokon har antyda, at vi i sommar kan ha eigne festivalar for dei som er vaksinerte, eller at kjøpesenter kan halde ope for dei som har fått vaksinen, sa Høie på pressekonferansen på tysdag.

– Tiltaka vi har for å redusere smittespreiing er mest knytt til kor mange i samfunnet som er vaksinerte og i mykje mindre grad av kven av oss som er vaksinerte, sa han.

Opphevar ringtiltaka på Austlandet

Regjeringa opphevar dei strenge ekstratiltaka som vart innførte i ei rekkje kommunar på Austlandet i samband med mutantutbrota i Nordre Follo og Halden.

Opphevingane skjer ved midnatt natt til torsdag 18. februar.

Dermed blir det opp til kommunane å bestemme tiltaksnivået framover.

Det er Halden, Oslo og Sarpsborg som har hatt dei strengaste regjeringspålagde tiltaka, på nivå C.

I tillegg har det vore tiltak på nivå D i Asker, Bærum, Fredrikstad, Hvaler, Indre Østfold, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Moss, Nittedal, Nordre Follo, Rakkestad, Rælingen, Råde, Skiptvet, Våler og Ås.

Kommunane var i utgangspunktet plassert i ulike ringar (ring 1 og ring 2) i samband med utbrota, men desse blir no oppheva.

Også på Vestlandet er det innført ekstra tiltak i samband med utbrota i Ulvik og Bergen. Desse vart måndag vidareførte i éi veke.

233.362 har fått første dose

233.362 personar er vaksinerte med første dose av koronavaksinen i Noreg, viser FHIs statistikk tysdag. 71.418 personar har fått dose to.

Førebels har FHI registrert at 775 personar fekk dose éin måndag, og 743 personar fekk dose to.

Flest har fått første dose i Viken (50.051) og Oslo (29.525). Færrast av dose ein er sett i Troms og Finnmark (10.147) og Møre og Romsdal (11.247). Flest personar har vorte gitte dose to i fylka Viken (14.611) og Oslo (9.938).

Den første koronavaksinen i Noreg vart sett den 27. desember og var produsert av Pfizer og Biontech. 15. januar vart den første dosen av Moderna-vaksinen sett.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

12 nye tilfelle med mutert virus i Bergen

Det er registrert åtte nye koronasmitta i Bergen det siste døgnet. I tillegg har kommunen tolv nye tilfelle med mutert virus.

Eitt av dei åtte nye smittetilfella er importsmitte, fem er nærkontaktar og to har ukjend eller usikker smitteveg, opplyser Bergen kommune på nettsidene sine.

Kommunen opplyser òg at det har komme melding om tolv nye tilfelle med mutert virus. Her er det snakk om åtte personar som har fått påvist den sørafrikanske varianten og fire med den britiske varianten.

Dermed har Bergen hatt 32 tilfelle med sørafrikansk virus og 27 med britisk.

Ei av årsakene til at talet på mutert virus er høgt, er at det ikkje er sekvensert nokon prøver i helga. Tolv tilfelle av mutert virus er dermed ei oppsamling av testar frå personar som fekk påvist covid-19 før helga.

— Det er uansett urovekkjande med så mange nye tilfelle med mutert virus. Tilfella med det sørafrikanske viruset er knytt til allereie kjende klyngjer, medan for to av tilfella med britisk virus har vi enno ikkje funne tilknyting til ei kjend klyngje, seier smittevernoverlege Frank van Betten.

Ifølgje Helse Bergen vart det registrert 20 tilfelle med mutert virus i området deira det siste døgnet.

Det såkalla R-talet i Helse Bergen er no berekna til 0,9.

I veke 6 var det 166 personar som fekk påvist covid-19 smitte i Helse Bergens opptaksområde, inkludert fem tilfelle av importsmitte.

51 nye mutasjonstilfelle i Noreg

50 nye tilfelle av den britiske mutasjonen av koronaviruset, og dessutan eitt av den sørafrikanske mutasjonen, er påvist i allereie positive prøver.

Det er dermed totalt 671 stadfesta tilfelle av den britiske koronavarianten i Noreg, viser statistikk frå Folkehelseinstituttet.

Flest tilfelle er det i Viken (293), Oslo (197) og Vestland (106). Ti tilfelle er ikkje oppførte i fylkesoversikta.

I tillegg er det registrert 42 tilfelle av den sørafrikanske varianten. 23 av tilfella er i positive prøver frå to veker sidan. (NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS