Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Ras over Saudavegen

Klokka 05.20 fekk politiet inn melding om at det var gått eit ras over Saudavegen ved Ørevika i Imsland. Ein politipatrulje kjørte til staden, og konstaterer at det er eit lite ras av tre og steinar som har lausna. Ingen personar aller bilar har kome til skade, og vegtrafikksentralen er varsla. Operasjonssentralen for Sør-Vest politidistrikt melder at entreprenør er sendt for å rydda vegen, og at det ikkje er problem å passera åstaden for andre køyretøy.