Sikra seg lokalhistorie
I ni år er det jobba med bygdebøker i Vindafjord. Frå før hadde Vikebygd og Vikedal fått sine sogebøker. Laurdag kunne interesserte lesarar endeleg opna verket for Sandeid og Ilsvåg.
— Det er kjekt å sjå at det blir noko handfast av arbeidet, seier redaktør og historikar Nils Olav Østrem og den eine av medforfattarane til Heimar og folk i Sandeid», Arne Langhelle, til Grannar.
Dei var begge til stades då bygdehistoria til Sandeid og Ilsvåg vart sleppt på samfunnshuset i Sandeid laurdag. Den tredje hovudforfattaren til bøkene er Kari Hempe, mens Anne Berit Skipevåg Tveit har vore bileteredaktør for boka.
Dramatisk skildring