Den første framsida til Grannar etter at korona-alvoret var eit faktum. Nå utfordrar me lokal ungdom til å skriva inn sine tankar og erfaringar med den langvarige pandemien.
Den første framsida til Grannar etter at korona-alvoret var eit faktum. Nå utfordrar me lokal ungdom til å skriva inn sine tankar og erfaringar med den langvarige pandemien.

Skrivekonkurranse: Ungdom og koronaen

Snart eitt år har gått sidan koronapandemien sette opp ned på det meste i liva våre. Korleis har det vore å vera ungdom i denne tida? er utgangspunktet for ein skrivekonkurranse i regi av Grannar, i samarbeid med biblioteka i Vindafjord og Etne kommune.

Datoen er 12. mars 2020 og statsminister Erna Solberg og den borgarlege regjeringa trykte på den raude knappen. Over natta var landet i unntakstilstand og me gjekk inn i den verste krisetida sidan andre verdskring. Plutseleg begynte folk å hamstra dopapir, gjær og andre daglegvarer. Skular og barnehagar blei stengde, det blei innført hytteforbod, kyrkjene stengde, kollektivtrafikken stansa opp, det blei stans i feriereise til utlandet og alt av kulturelle og offentlege arrangement blei avlyst.

Heimeundervisning, heimekontor og smittevern mot covid-19, testing og karantene var plutseleg den nye kvardagen. Alle møteplassar og sosiale samankomstar forsvann. Russetida rann bort. Og det gjekk ikkje over; sjølv om restriksjonane har kome og gått, er koronaen og smittefare framleis ein stor og inngripande del av våre liv.

Korleis har du hatt det?

Nå vil me gjerne vita korleis ungdommen i Vindafjord og Etne kommune har hatt det i dette året, og korleis dei opplever liva sine i dag.

For snart eitt år sidan utfordra Grannar og dei to biblioteka lokale barn til å teikna koronatrollet. Oppgåva engasjerte stort og nesten 300 teikningar kom inn. Denne gongen arrangerer me ein skrivekonkurranse. Det dreier seg ikkje om å kåra den som skriv best. Målet er å få fram gode skildringar som ein dokumentasjon på denne heilt spesielle tida.

Me ynskjer å få fram dine tankar om og erfaringar med koronaperioden. Kva den har gjort med deg og dine venner, kva har du forsaka, kva er tapt, korleis er lynnet påverka, er det noko som har vore positivt, har styresmaktene gått for langt i restriksjonar og innskrenka livet ditt, og kva tenkjer du framover i den framleis uavklarte situasjonen? Du står fritt til å skriva om alt det som er relevant og viktig for deg i denne situasjonen.

Reglar og premiar

Skrivekonkurransen er retta mot ungdom og er delt i to klassar: elevar i ungdomsskule og elevar i vidaregåande skule.

Teksten skal vera på nynorsk og maksimal lengde er 1.200 ord.

Alle bidrag skal sendast inn til arne.frokedal@grannar.no

To tekstar blir trekte ut og skribentane bak desse får kvar eit gåvekort verdt kr. 2.500,-. Nokre ekstrapremiar ventar også.

Leveringsfrist: 28. mars 2021.

Lukke til!

Helsing
Arne Frøkedal
redaktør