Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Stolen bil totalvraka

I 04-tida natt til søndag fekk politiet inn melding om eit trafikkuhell på Haukelivegen i Ølensvåg. Politiet opplyser at det var store skader på bilen, men ingen personar å finna i – eller i nærleiken av den skadde bilen. Dermed sette dei i gang søket etter bileigar, og kom etterkvart i kontakt med rett person. Han hevdar derimot at han ikkje har køyrt bilen denne natta, og at bilen må vera stolen.

Politiet jobbar no med å finna ut av kven som kan ha stole bilen og køyrt han. Bilen står framleis på staden, men det er passasje for andre bilar, og bilberging er i følgje operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt bestilt.