Røyrleggjarane Asbjørn Tronstad (t.v.) og Bjarte Torgrimsen har travle dagar med å tina frosne vassrøyr i kummar. Her på oppdrag i Etne.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tinar på spreng i sprengkulda
Sprengkulda dei siste vekene har ført til frosne røyr både ute og inne, og i røyrleggjarfirmaet til Bjarte Torgrimsen i Ølen renn bestillingane på tiningsoppdrag inn døgeret rundt.
Temperaturar ned mot 20 minus i fleire veker og lite snø på marka fører til problem for vasstilførsel i heile distriktet. og røyrleggjarar går på høggir for å tina frosne røyr og vassleidningar innomhus og utandørs.
— Me går på tining frå morgon til sein kveld. I kveld har me fire på tiningsoppdrag og me kunne hatt mykje meir, men det stoppar på utstyr. Det er ti år sidan me har hatt så mykje arbeid med frostoppdrag, og me reknar med å få det travelt også framover, seier røyrleggjar og dagleg leiar Bjarte Torgrimsen i røyrleggjarfirmaet Nils Torgrimsen AS, og gjer seg klar til å tina ei vassleidning i ein kum ved Fitja-feltet i Etne.
Mange utan vatn