Vindafjord kommune

Kan du hjelpa oss?
Under rydding i kjellaren på rådhuset dukka dette gamle skulebiletet opp. Det er ikkje merka på noko vis, men me trur at det kan vera så gamalt som 100 år eller meir.
No vonar me at nokon av våre lesarar på Facebook kan hjelpa oss med å finna ut når og kvar biletet er teke. Kanskje nokon kjenner igjen personar også? Eller veit kven fotografen er?
Skriv eventuelle opplysningar i kommentarfeltet. Me er takksame for all hjelp!
Vestbø skule 1918: Første rekke frå venstre: Jørgen Rødne, Liva Helgevold, Othilie Kaldheim, Anna Gjerde (etternamn?), Kitty Kristensen, Marta Skeie, Synnøve Skeie, Emilie Helgevold, Lilly Leite, Lilly Hapnes, Emilie Apeland, Karoline Endresen, Astrid Grønnestad, Ingeborg Apeland, Marta Vestbø, Markus Rødne. Andre rekke frå venstre: Ole Helgevold, Severin Skeie, Margit Berg, Astrid Vestbø, Ingeborg Vestø, Marta Grønnestad, Eli Børretzen, Othilie Håland, Anny Birk, Amanda Stople Gjerde, Elisabeth Stople Gjerde, Else Nesheim, Sigrid Skeie, Kristine Helgeland, Inger Helgeland, Eli Bore og Nils Berg (ytterst til høgre). Tredje rekke frå venstre: Nils Stensen Vestbø, Knut Håland, Inger Helgevold, Kamilla Skeie, Herdis Børretzen, Anna Håland, Pernille Rødne, Gudrun Rødne, Karoline Stensen Vestbø, Amanda (Tollaksen) Vestbø, Guro Stople Østbø, Signora Grønnestad, Kari Apeland, Olaf Vestbø, Knut Leite, (litt forann 3. rekke) Johannes Helgeland. Fjerde rekke frå venstre: (9 gutar mellom 3. og 5. rekke) Tor Helgevold, Toralf (Tollaksen) Vestbø, Olaf (Tollaksen) Vestø, Ole Nesheim, Arnt Nesheim, Dagfinn Engelskjær, Johan Østbø, Gustav Hustveit, Bernhard Hustveit (liten framfor), Toralf Østerlid. Femte rekke frå venstre: Holger Skeie, Andreas Skeie, Rasmus Skeie, Artur Hapnes, Tor Vestbø, Jakob Skeie, Osmund Østebø, Jørgen B. Skeie, Erik Engelskjær, Einar Helgevold, Johan Helgeland (Øygarden), Karl Hustvedt, Rasmus Rødne, Lars L. Vestbø, Hans Grønnestad, Thomas Leite, Osmund Stople Gjerde, Tørres O. Helgevold, Anders Vestbø, Kasper Strand. Sjette rekke frå venstre: Ånen Apeland og Einar Endresen. Lærar: Gustav Høyekvam og Jens Børretzen

Gamal klassebilde engasjerte