Sølvi Eide Lunde er leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse.
Foto: Privat
Sølvi Eide Lunde er leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse. Foto: Privat

Eitt år med pandemi – kor mange år med psykiske helseproblem?  

Heilt sidan mars 2020 har Mental Helse sentralt meldt frå om kva pandemi og smittevernstiltaka kan føre til for vår psykiske helse. Mange av desse åtvaringane har diverre slått til. Det har fått store konsekvensar for oss alle, men mest for sårbare grupper samt barn og unge som har livet føre seg.

Menneske som alt slit med si psykiske helse har blitt dårlegare. Kvar tredje nordmann syns kvardagen er psykisk krevjande grunna endringane i samband med korona-utbrotet, viser ei undersøking som er gjort av Opinion på vegne av Norsk koronamonitor. Undersøkinga viser også at ein av fem under 30 år har det dårleg.

VG skrev om at flere barn og unge sliter psykisk og at både sjukehus og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) opplever ein pågang som dei aldri har opplevd før.

Generelt har befolkninga si psykiske helse blitt forverra; auka angst, depresjon, einsemd og isolasjon. Mental Helse Hjelpetelefonen kan rapportera om auka antal personar som slit med sjølvmordstankar.

Ventetida har auka, behandlingar blir avlyst eller utsett. Helsepersonell har blitt omplassert, avdelingar er blitt stengt i periodar og enorme ressursar er sett inn i kampen mot viruset.

Regjeringa hadde varsla at det skulle komme ei kraftfull tiltakspakke for barn og unge 29. januar. Vi er glad for satsing for studentane, som og har betalt ein høg pris. Men så legg regjeringa resten av ansvaret på alt hardt pressa kommunar. Regjeringa meiner tilsynelatande at kommunane har fått nok midlar. Kor er satsinga på rask psykisk helsehjelp, som kan avlaste ei alt hardt pressa spesialisthelseteneste? Kor er satsinga på lavterskeltiltak for barn og unge og andre sårbare grupper? Kva med alle dei som blir henvist av fastlege til vidare behandling som blir avvist av spesialisthelsetenesta fordi dei ikkje er sjuke nok?

Kva blir gjort for å kompensere for dei tusen døgnplassane i spesialisthelsetenesta som har forsvunne dei siste åra? Det er lagt opp til at fleire skal nytte poliklinisk behandling og mange oppgåver er lagt til kommunane. Men kommunane treng friske midlar for å løyse nye oppgåver. Vi treng fleire opne dører, og at folk får hjelp der dei bur.

Psykisk sjukdom er alvorleg. Det er alvorleg for den det gjeld. Det er alvorleg for pårørande. Det er alvorleg for samfunnet, og, ikkje minst, det er alvorleg for hjelpeapparatet. Når det sviktar, så er situasjonen livstruande.

Vi i Mental Helse fryktar at vi får ein psykisk helse pandemi i etterverknader av Covid-19 pandemien, og difor må det ei kraftsatsing til, – både for spesialisthelsetenesta og kommunane.

Vi kan spare liv og pengar ved å gjere dei rette valga no. Mental Helse krev ein tiltakspakke frå regjeringa og ein ny opptrappingsplan. No meir enn nokon gong må det satsast på psykisk helse. Om ikkje, kan dei menneskelege kostnadane bli enorme på lang sikt.

Etne og Vindafjord Mental helse oppmodar difor om å ta ein telefon eller invitere ein som er åleine til tur. Og vise styrken som ligg i våre lokalsamfunn ved å bry seg og vise omsorg!

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko!

Med ønske om God påske
frå Etne og Vindafjord Mental helse
ved leiar Sølvi Eide Lunde