Det er vanskeleg å kome inn på enkelte linjer i den vidaregåande skulen i Rogaland. Ved skulen i Ølen har Vg3 påbygg venteliste og høge poengkrav. Arkivfoto
Vgs-elevar i Ølen etterlyser strengare tiltak mot koronasmitten.
Arkivfoto
Ølen VGS. Arkivfoto

Reagerer manglande på smitteverntiltak

Me elevar i påbyggklassen på Ølen vidaregåande skule, reagerer på smitteverntiltaka som er innført på skulen. Me lurer på korleis Vindafjord kommune kan rettferdiggjera at elevar og lærarar frå forskjellige kommunar, der i blant kommunar med høgt smittetrykk, skal samlast på skulen kvar dag. Det er både lærarar og elevar som pendlar i frå allereie nedstengde kommunar, som Tysvær og Haugesund, til Ølen vgs. Dette blir gjort sjølv om kommunane pålegg alle kommunalt tilsette til å ha heimekontor så sant det lar seg gjennomføra. Sjølv om skuleklassane er delt inn i mindre klassar, er det likevel vanskeleg å halde ein meter avstand. Me bruker til dømes dei same toaletta, me går i dei same gongane og me sitt tett saman på skulebussen, der meteren i alle fall ikkje blir heldt og kohortane blir blanda.

Det viser seg også at smitten er høgast blant unge, og derfor reagerer me ekstra sterkt på at ikkje det blir sett inn sterkare smittetiltak for å hindre smitte på Ølen vidaregåande skule, der nettopp me ungdommar tilbringer tida vår kvar dag. Me meiner at ein bør førebyggje smitte, i staden for å vente til smittetala aukar, eller at nokon på skulen eventuelt blir smitta, før skulen får stenge ned. Me synest det er ubehageleg å gå på skulen i desse dagar, og mange av oss føler oss utrygge. Me meiner at skulen bør stenge ned siste veka før påskeferie, for å sikre at ingen blir smitta og at me alle får ein velfortent påskeferie, utan karantene eller isolasjon!

Emily Hopland Ravn
på vegner av 30 elevar frå vg3 påbygg
ved Ølen vidaregåande skule