Hausten 2020 vart det for første gong funne høgpatogen fugleinfluensa i Noreg. Det førte til strenge restriksjonar for alle som har fjørfe. Truleg vil vi finne denne smitten fleire gonger i åra som kjem. Foto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK
Hausten 2020 vart det for første gong funne høgpatogen fugleinfluensa i Noreg. Det førte til strenge restriksjonar for alle som har fjørfe. Truleg vil vi finne denne smitten fleire gonger i åra som kjem.

Auka risiko for meir fugleinfluensa i framtida

NPK: Hausten 2020 vart det for første gong funne høgpatogen fugleinfluensa i Noreg. Det førte til strenge restriksjonar for alle som har fjørfe. Truleg vil vi finne denne smitten fleire gonger i åra som kjem.

Det skriv regjeringa i ei pressemelding.

Fugleinfluensaen som no blir påvist er først og fremst ein risiko for fuglar, og ikkje for menneske. Risikoen for smitte til menneske blir vurdert av Folkehelseinstituttet som svært låg. I Europa har fugleinfluensa vorte påvist jamleg sidan 2007.

— Det ser ut til at vi får ein ny normaltilstand med hyppigare førekomst av fugleinfluensa i Noreg. Det gjer at alle som held dyr må vere ekstra påpasselege med smittevernrutinar. Gode rutinar og høg forståing for smitterisiko er viktig for å halde oppe god dyrehelse, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i pressemeldinga.

Til no har vi vore skåna for denne typen smitte i Noreg, men informasjon frå Mattilsynet og Veterinærinstituttet tilseier at vi kan komme til å finne denne sjukdommen med jamne mellomrom i åra som kjem.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS