Myra både lagrar co₂ og regulerer flaum og tørke. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Myra både lagrar co₂ og regulerer flaum og tørke.

Regjeringa vil hindre torvuttak i nye område

Regjeringa vil hindre at nye myrområde blir opna for uttak av torv.

Publisert Sist oppdatert

– Myrene er store karbonlager. Uttak og bruk av torv gir utslepp av klimagassar. Torvuttaka skjer dessutan ofte i ei type myr som er ein trua naturtype i Noreg. Difor er det så viktig å verne torvmyrene våre, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding frå regjeringa.

I klimaplanen varsla regjeringa at dei vil vurdere å innføre forbod mot å opne nye torvuttak. Regjeringa har òg starta utgreiing av ei avgift på utslepp av klimagassar frå uttak av torv. Fram til eit forbod mot slike uttak er avklart, ynskjer dei å hindre at det blir gitt løyve til nye torvuttak.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS