Oslo 20181206.Illustrasjonsbilder, barnehage.barn, barnehage, lese, lære, sofa, se, lek, leke, gutt, gutter, venner, venn, vennskap, dele, samarbeid, samarbeide, utvikling, sosial kompetanseModellklarert til redaksjonell bruk.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Bokvekst i koronaåret
Totalmarknaden for sal av bøker auka med 9 prosent, til 5,4 milliardar kroner i fjor. Sal av lydbøker, e-bøker og sakprosa aukar, medan papirboksalet hadde ein nedgang.
Det går fram av bransjestatistikken for 2020 i Den norske Forleggerforening som vart offentleggjord fredag. Statistikken gir ei grundig innsikt i omsetninga i bransjen, fordelt på ulike sjangrar, format og salskanalar.
Salet av fagbøker, lærebøker og læremiddel til skule- og undervisningssektoren auka med 22 prosent, auken heng saman med dei nye læreplanane som kom med fagfornyinga. Nivået er likevel lågare enn kva ein forventa, samanlikna med tidlegare skulereformer.
Lydbøker aukar
– Sjølv om norske forlag står klare med nye læremiddel og lærebøker, viser tala at veldig mange elevar framleis sit med utdaterte læremiddel, seier direktør i Forleggjarforeininga Heidi Austlid i ei pressemelding.
Strøyming av lydbøker, som hadde stor vekst i 2019, held fram med å auke. Mengda rapporterte lyttingar frå Fabel og Storytel var på 6,6 millionar i 2020, ein auke på 26 prosent frå året før. Omsetninga til forlaga frå strøyming av lydbøker aukar med 30 prosent, til ein berekna utsalspris på 388 millionar kroner. Samtidig blir omsetninga kraftig redusert frå sal av pocketbøker.
Når det gjeld papirmarknaden, er det store variasjonar frå sjanger til sjanger. Norsk sakprosa for både barn og vaksne viser ein vesentleg auke, og samtidig ser ein nedgang i norsk skjønnlitteratur.