Ein person er funne død i sjøen ved Skånevik.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ein person er funne død i sjøen ved Skånevik. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Død kvinne funne i sjøen

Ein kvinne vart laurdag føremiddag funne omkommen i sjøen i Skånevik.

Det var klokka 10.30 laurdag at politiet fekk melding om funn av ein død person i sjøen.

— Naudetatane er på veg til staden, sa operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar klokka 10.50.

Vaksen

Ifølgje operasjonsleiar er det i sjøen ved Skånevik sentrum funnet er gjort.

Cirka 11.45-tida fekk Grannar opplyst at det skal vere snakk om ein vaksen person som er funnen.

Innsatsleiar Terje Heldal i Sør-Vest politidistrikt seier at det ikkje er noko som tyder på at det er noko anna ei tragisk drukningsulykke som har funne stad. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Politi og brannvesen var då til stades ved kaia på Leknestangen, like vest for Skånevik sentrum.

Det skal ha vore ein privatperson som melde frå til politiet etter å ha observert ein livlaus person i havnebassenget i Skånevik.

Truleg drukningsulykke

Ved 12-tida opplyste innsastleiar Terje Heldal i Sør-Vest politidistrikt til Grannar at den omkomne er identifisert.

— Det er ingen ting som tyder på at dette er noko anna enn ei tragisk drukningsulykke, seier han.

Klokka 13.21 melder politiet at den døde personen er ei kvinne.

Klokka 15.11 opplyser operasjonsleiar Brit Randulff i Sør-Vest politidistrikt at dei framleis jobbar med å få varsla pårørande av den omkomne kvinna.