Utvidar med mange nye tilbod. Ein flott ellevesetars minibuss er på plass, og Asvo kan no tilby henting- og bringing av personar både med og utan rullestol. Paul Fuglestein og Sollaug Eljervik opplyser også at dei tar på seg godstransport. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Utvidar med mange nye tilbod. Ein flott ellevesetars minibuss er på plass, og Asvo kan no tilby henting- og bringing av personar både med og utan rullestol. Paul Fuglestein og Sollaug Eljervik opplyser også at dei tar på seg godstransport. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 1 av 9
Anne Grete Johansson og dottera Silje Johansson klypper ut stoff som skal bli til tralle-trekk. Asvo er Miljøfyrtårn, og skal kvitta seg mest mogleg med plast. Derfor brukar dei gamle lakentrekk, og syr dei om til tralletrekk.
Anne Grete Johansson og dottera Silje Johansson klypper ut stoff som skal bli til tralle-trekk. Asvo er Miljøfyrtårn, og skal kvitta seg mest mogleg med plast. Derfor brukar dei gamle lakentrekk, og syr dei om til tralletrekk. FOTO: Foto: Grethe Hopland RavnBilde 2 av 9
Lars Jørund Flesland brettar handkle og vaskeklutar som kjem reine og fine frå vaskeriet.
Lars Jørund Flesland brettar handkle og vaskeklutar som kjem reine og fine frå vaskeriet. FOTO: Foto: Grethe Hopland RavnBilde 3 av 9
Svein Helge Gullhaug (t.v.) og Inge Tjelle har jobba på Asvo i fleire år, og synest det er ein topp arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
Svein Helge Gullhaug (t.v.) og Inge Tjelle har jobba på Asvo i fleire år, og synest det er ein topp arbeidsplass med godt arbeidsmiljø. FOTO: Foto: Grethe Hopland RavnBilde 4 av 9
Asvo kan tilby mange nye tenester denne våren. Mellom anna er stillasutleige eitt av dei. Montør til å setja opp stillaset kan dei også tilby.
Asvo kan tilby mange nye tenester denne våren. Mellom anna er stillasutleige eitt av dei. Montør til å setja opp stillaset kan dei også tilby. FOTO: Foto: Grethe Hopland RavnBilde 5 av 9
Litledalen Lys har si eiga butikk-avdeling inne i Asvo-bygget. Her kan kundar komma innom for å kjøpa lys kvar einaste dag. Arkivfoto
Litledalen Lys har si eiga butikk-avdeling inne i Asvo-bygget. Her kan kundar komma innom for å kjøpa lys kvar einaste dag. ArkivfotoBilde 6 av 9
Den nye snikkarverkstaden på Asvo. Her er alt utstyr på plass, og skal berre monterast før avdelinga kan opna opp produksjonen.
Den nye snikkarverkstaden på Asvo. Her er alt utstyr på plass, og skal berre monterast før avdelinga kan opna opp produksjonen. Bilde 7 av 9
Roy William Haugland jobbar i den nye verkstaden på Asvo. Her monterer han eit hjul på ei tralle, men verkstaden tar også i mot bilar. For ein god månad sidan verkstaden godkjenning og kan utføra det meste - utanom EU-godkjenning.
Roy William Haugland jobbar i den nye verkstaden på Asvo. Her monterer han eit hjul på ei tralle, men verkstaden tar også i mot bilar. For ein god månad sidan verkstaden godkjenning og kan utføra det meste - utanom EU-godkjenning. Bilde 8 av 9
Asvo har også starta såpeproduksjon, og lagar såper i forskjellige format, med ulike dufter.
Asvo har også starta såpeproduksjon, og lagar såper i forskjellige format, med ulike dufter. Bilde 9 av 9

Arbeidsmarknadsbedrift utvidar drifta

Det siste halvåret har Øyane Asvo AS utvida med fleire avdelingar i bedrifta si. Persontransport og godstransport er berre ein brøkdel av det Paul Fuglestein og Sollaug Eljervik kan tilby kundane sine.

Har du behov for ein minibuss som kan frakta elleve personar, som er godkjent for sikkert transport av rullestolbrukarar, eller kan hende du har eit flyttelass som skal køyrast frå nord til sør? Då er dette oppdrag som Etne-bedrifta Øyane Asvo no kan hjelpa til med.

Arbeidsmarknadsbedrifta som er eigd av Vindafjord og Etne kommune, har hatt sine opp- og nedturar, men nå skjer det store endringar i lokala på Tongane.

Signal frå NAV

— Det har skjedd mykje det siste halvåret, og nyleg fekk me løyve til køyring av både godstransport og persontransport. Så nå kan folk berre kontakta oss, om dei treng assistanse, seier dagleg leiar i Asvo, Paul Fuglestein.

Lars Jørund Flesland brettar handkle og vaskeklutar som kjem reine og fine frå vaskeriet. FOTO: Foto: Grethe Hopland Ravn

I mange år er det vaskeriet og formidling for hjelpemiddelsentralen som har vore hovudgeskjeften i bedrifta, men det siste halvåret har fleire andre avdelingar og oppdrag kome til.

— Me fekk signal frå Nav om at dei ønskte fleire forskjellige aktivitetar, spesielt innan mekanikk og bilreparasjonar. Så då tok me tak i det, seier Fuglestein.

Asvo er ein arbeidsplass der mange startar, men ingen sluttar
Paul Fuglestein, dagleg leiar

Gode naboar

Det siste halve året har Asvo utvida med fleire avdelingar, og har fått på plass både snikkarverkstad, godkjent bilverkstad, stillasutleige, transport, formidling av jobbfrukt til bedrifter og systove. I tillegg overtok dei Litledalen Lys i fjor haust, og har no lært seg handverket med å laga stearinlys for sal.

Det er berre vel ein månad sidan bilverkstaden deira blei godkjent, så no tar dei i mot dei fleste oppdrag, enten det er skifte av bremeklossar og byting av dekk, for å nemna noko.

— Me er ikkje likestilt med naboen vår, Etne Bilservice, for me tar ikkje EU-kontrollar, men det meste anna kan me gjera. Me er prisgitt dei gode naboane våre, og har hatt eit svært godt samarbeid med Bilservice. Dei er interesserte i oss, og ser viktigheita i arbeidet vårt, seier Fuglestein, som legg til at samarbeidet med Statens vegvesen også har vore uvurderleg.

— Det var dei som føreslo at me burde hatt ein godkjent verkstad, seier han.

Svein Helge Gullhaug (t.v.) og Inge Tjelle har jobba på Asvo i fleire år, og synest det er ein topp arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.

FOTO: Foto: Grethe Hopland Ravn

Viktig med variasjon

Nytt er også ei snikkaravdeling som snart er klar. Her står både høvelbenk, dreiebenk, bandsag, pussemaskin og mykje meir klart for montering. Målet er å laga produkt som kan seljast, som til dømes fuglehus, hyller, og anna handverk.

Sollaug Eljervik som er attføringsleiar i Asvo, seier det er viktig å skapa variasjon i arbeidstreningsarenaen. Å fanga interessene til alle dei forskjellige menneska som kjem inn.

— Når det gjeld snikkarverkstaden så ønskjer me å laga produkt som folk her er interesserte i å laga. Me gjer også arbeid på huset, for me har det meste av kompetansen i våre eigne rekkjer. Det einaste me ikkje gjer sjølv, er elektrikararbeidet, seier Fuglestein.

Anne Grete Johansson og dottera Silje Johansson klypper ut stoff som skal bli til tralle-trekk. Asvo er Miljøfyrtårn, og skal kvitta seg mest mogleg med plast. Derfor brukar dei gamle lakentrekk, og syr dei om til tralletrekk.

FOTO: Foto: Grethe Hopland Ravn

Frukt og stillas

Asvo husar i dag 50 arbeidstakarar, der 15 er arbeidsrettleiarar, og 35 er deltakarar. For berre eit par veker sidan starta dei også opp med Jobbfrukt, som i praksis betyr at dei får inn leveransar frå Bama, veg opp dei aktuelle varene og pakkar dei om til freistande fruktfat som blir leverte ut til bedrifter som ønskjer frukt på arbeidsplassen.

— I løpet av desse vekene har me allereie fått elleve kontraktar på levering av frukt og nøtteblanding. Og me kan lever opptil to gonger i veka, fortel Eljervik.

Om ikkje det var nok, har Asvo også kjøpt inn stillas, og kursa folk i å montera stillaset for utleige.  Etter berre nokre veker med denne geskjeften ser Fuglestein at marknaden for dette tilbodet god.

Miljøfyrtårn

Som utnemnd Miljøfyrtårn ønskjer bedrifta å jobba aktivt for miljøet, og har gått inn for å kutta ned på bruken av plast. Kvar veke køyrer dei tralle på tralle ut til både institusjonar, hotell og liknande med nyvaska sengetøy og handkle. Før har kvar tralle vore inntulla i plast, men no har dei gått over til å sy trekk i stoff. Her nyttar dei gamle laken, som blir sydd om til tralletrekk. Dermed er det berre å vaska etter bruk, og bruka om igjen.

Litledalen Lys har si eiga butikk-avdeling inne i Asvo-bygget. Her kan kundar komma innom for å kjøpa lys kvar einaste dag.

Då pandemien gjorde sitt inntog i fjor, merka Fuglestein at dei første månadane var dårleg på omsetninga, før det heile snudde etter kvart. Mens overnattingane på hotella gjekk ned, gjekk overnattingane på institusjonane opp, i tillegg til at personalet på institusjonar måtte byta uniform oftare enn før. Dette, i tillegg til litt koronastøtte gjennom systemet, sørgde for at økonomien sto seg godt.

— Asvo er ein arbeidsplass der mange startar, men ingen sluttar, konstaterer Fuglestein.

Eljervik legg til at ho trur ikkje det er mange arbeidsplassar som har tilsette som er så stolte av jobben sin som Asvo.

Den 23. mai fylte Asvo 25 år, og skulle eigentleg hatt ein stor jubileumsfest. Den måtte vika for pandemien i denne omgang, men fest blir det, lovar Fuglestein. Når berre tida er trygg for litt feiring igjen, blir det arrangert.

— For er det ein ting gjengen på Asvo er glad i, så er det ein god fest, opplyser leiaren.

Roy William Haugland jobbar i den nye verkstaden på Asvo. Her monterer han eit hjul på ei tralle, men verkstaden tar også i mot bilar. For ein god månad sidan verkstaden godkjenning og kan utføra det meste – utanom EU-godkjenning.