Gir ikkje opp kampen om støtte til feriereiser
Med litt ekstra støtte frå kommunen kan fleire funksjonshemma få muligheit til å dra på ferie. Nå ber Ap-politikar Wenche Sandbekken Lilleland kommunen stilla opp for å gjera dette mogeleg.
For mange funksjonshemma er det å få reisa på ferie noko dei berre kan drøyma om. Mange treng hjelp døgnet rundt og skal dei ta seg ein liten tur ein dag eller to er dei avhengig av at nokon stiller opp for å gjera det mogeleg. I mange tilfelle er det pårørande som tek å seg oppgåva, men ikkje alle har pårørande som kan ta seg av dette. For nokre år sidan hadde Vindafjord kommune tilbod om støtte til funksjonshemma bebuarar som bur i omsorgsbustader og som har eit ønskje om å reisa på ferie. I dag eksisterer ikkje dette tilbodet lenger og bebuarar som ønskjer å få seg nokre dagar borte frå heimen må ordna alt på eige hand.
— Når ikkje pårørande klarer meir er det bom stopp, seier Wenche Sandbekken Lilleland frå Vikedal som meiner kommunen bør sjå seg råd til å spytta inn nokre få kroner for å leggja til rette slik at også innbyggjarar som bur i bemanna bustad kan få høve til å få seg eit avbrekk i kvardagen.
— Dette gjeld dei svakaste som bur i eigen bustad og som ikkje har pårørande som kan vera med. Dette har med verdigheit å gjera. Dei har like lyst til å reisa på ferie som oss. Det er ikkje snakk om lange turar, berre at dei får koma seg vekk nokre dagar. Det vil ikkje kosta kommunen mange kroner, seier ho.