Biogass: Kan bli konkurranse om råstoffet
Biovind-investor og Suldal Transport-eigar Rune Furseth stiller seg spørjande til om det er nok råstoff til to biogass-fabrikker i Grannar-distriktet.
I kveld presenterer Renevo AS sine planar i Etne, først på eit folkemøte, så på eit eiga møte for landbruksnæringa.
At Renevo AS vil hente gjødsel frå etnebøndene som ein del av råstoffet dei treng til produksjonen, kan vise seg å gi utfordringar for tilsvarande planar i regi av Vindafjord-selskapet Biovind AS i Ølen.
Sandeidbuen Rune Furseth eig gjennom sitt investeringsselskapet Smea AS nesten halvparten av transportkonsernet Nor-Log AS, som igjen eig 100 prosent av Suldal Transport AS, kor Furseth også er dagleg leiar.
Nor-log Gruppa driftar om lag 700 lastebilar. 12 av desse, som er stasjonert på Austlandet, går allereie på biogass.
— Vi ønskjer å vere ein pådrivar i det grøne skiftet, og bli eit C02-nøytralt selskap. Målet er at våre lastebilar skal kunne fylle biogass frå Vindafjord innan 2023, seier Furseth.
Og planen har vore å produsere mykje av denne biogassen sjølv. Gjennom sitt selskap Smea AS, og det heileigde dotterselskapet Biogrønn AS, er Furseth også majoritetseigar i Biovind AS. Dette selskapet har store planar om å produsere biogass i Vindafjord, og har kjøpt seg tomt som er under opparbeiding i Ølen Næringspark AS på Nerheim.
Selskapet har intensjonsavtalar med bønder i både Etne og Vindafjord om levering av gjødsel. Men no kan altså Biovind få uventa konkurranse om råstoff frå bønder og slakteri i Grannar-distriktet.
Og Furseth er usikker på om at det er substrat nok til to fabrikkar i regionen, slik Jan Kåre Pedersen i Renevo meiner det er.
— Baserte på uttalar og kalkulasjonar me har fått frå fagpersonar innanfor biogass-fageltet, er me usikre på om kor mykje kilowatt biogass som er mogeleg å få ut per tonn gjødsel, seier han.
Men han legg til at han ikkje har nok informasjon og kunnskap om saka til å konkludere med noko enno.
— Må vere berekraftig
Furseth fortel at Biovind i sine vurderingar også har sett på den same teknologien som Renevo nyttar. Han viser til at denne teknologien, frå norske Antec, enno ikkje er testa ut i full skala nokon stad. Biovind har per i dag ikkje konkludert på val av leverandør eller teknologi. Han opplyser at det står mellom ny teknologi frå Antec, eller tradisjonell teknologi som er blitt brukt i fleire tiår.
Biovind AS sine planar i Ølen blir ikkje skrinlagde som følgje av nyhenda om ein mogeleg biogassfabrikk i Etne. Men Furseth er klar på at Biovind ikkje kan investere 200 millionar kroner i ein fabrikk i Vindafjord, om dei ikkje kjenner seg trygg på at satsinga er berekraftig.