Ølen Sentrumsutvikling AS står bak det nye forretningssenteret, og styreleiar Hans Johan Døsen jr. opplyser at bygget blir klart for daglegvarekjeda Kiwi i desember. Resten av bygget blir ferdigstilt i første kvartal neste år.
Sju butikklokale
Styreleiaren opplyser at utgangspunktet er sju butikklokale i det nye senteret, og alt er ikkje låst med tanke på kontor og butikk i underetasjen mot E134.
Det er mindre enn eitt år til alt skal vere ferdig, men selskapet går ikkje ut med fleire aktørar enn daglegvarekjeda Kiwi, og sjølvsagt Vinmonopolet som har søkt Vindafjord kommune om å etablere seg i det nye forretningsbygget og forlate Ølen Senter der dei er i dag.
— Gravearbeid på tomta er i gang, og det vil gå jamt og trutt framover med bygget. Det er ikkje lenge før ein ser konturen av eit bygg. Vi går ikkje ut med fleire opplysningar om kven som skal inn. Det kan bli sju forretningslokale, og det vil gå seg til under vegs, fortel Døsen.
Ølen Torg
Dersom det er fleire forretningsaktørar som er klare, held utbyggjarane korta tett til brystet. Også kor stor investeringa blir for Ølen Sentrumsutvikling.
— Det er omtala at det blir kafé i bygget?
— Eg vil ikkje kommentere meir, verken kafé eller noko anna. Målet er å få ein miks av leigetakarar, seier Døsen.
Vi går ikkje ut med fleire opplysningar om kven som skal inn
Hans Johan Døsen jr., Ølen Sentrumsutvikling AS
Han opplyser at dei har Ølen Torg som arbeidstittel på forretningsbygget, og han reknar også med at det blir det endelege namnet på det nye tilskotet i Ølen.
Han karakteriserer det som eit løft for ein godt synleg del av Ølen frå E134.
— Det kjem til å bli eit veldig fint område opp bakken, seier han.
Frå starten av har utbyggarane sagt at dei legg vekt på få eit bygg som tar seg godt ut.
Kiwi har vore med
Det som var ein bakke og eit kupert terreng i Eiodalen er i ferd med å bli planert ut for å gi plass til i underkant av 3.000 kvadratmeter der 700 av dei er i ein første etasje på gateplan mot europavegen.
Ølen Sentrumsutvikling gav ikkje høyringssvar i prosessen rundt Vinmonopolet sin søknad om å flytte til Eiodalen. Der kom det fram fleire synspunkt og kommunedirektøren sa nei til søknaden, men politikarane kom til den motsette konklusjonen og sa ja.
— Vi har ein godkjent reguleringsplan og ein godkjent byggesøknad, og eg ønskjer ikkje å kommentere noko ut over det. Avgjerda i den saka er ei politisk beslutning, seier Døsen.
Forretningssenteret er så å seie i rute samanlikna med dei opplysningar Meglerhuset Rele gjekk ut med i fjor haust då dei hadde jobben med å få på plass fleire aktørar i senteret. Men det har tatt tid å kome der, og alt i 2016 omtala Grannar at Kiwi var den mest aktuelle daglegvarekjeda.
Bak Ølen Sentrumsutvikling AS står Knapphus Eiendom AS med brørne Johannes og Nils Rune Sjurseike i Vats, og Haugesund-selskapet Nokus AS med eineeigar Tore Lilleland.