Rundt 1.200 tyfonar blir testa onsdag i regi av Sivilforsvaret. Foto: Foto Odd Skarbomyr, DSB
Rundt 1.200 tyfonar blir testa onsdag i regi av Sivilforsvaret. Foto: Foto Odd Skarbomyr, DSB

Sivilforsvaret testar tyfonane

Sivilforsvaret varslar at dei onsdag 9. juni klokken 12.00 testar signalet «Viktig melding – søk informasjon»,  i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

Sivilforsvaret testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvar år. Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søka informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, myndigheitene sine nettsider og sosiale medium.

Rundt om i landet er det cirka 1.250 tyfonar som skal varsla befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fred og krig.

— I fredstid kan varslingsanlegga blant anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff. Mens i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Sigurd Heier, som er fungerande sjef for Sivilforsvaret, i ei pressemelding.

Sivilforsvaret testar tyfonane for å sjekka om dei verkar, og dei reparerer det som ikkje fungerer.

— Varslingsanlegga er stort sett plasserte i byar og tettstader og signala vil kunna høyrast av over halvparten av befolkninga, seier Heier.

Sivilforsvaret har ansvaret for å etablera, vedlikehalda og drifta varslingsanlegga. Politiet har ansvaret for å utløysa varsling i fredstid.

Oversikta frå DSB viser at det ikkje er plassert varslingsanlegg verken i Vindafjord eller Etne kommune.