Brugde ved Bjørnøya.
Foto: Nils Øien / Havforskingsinstituttet
Brugde ved Bjørnøya. Foto: Nils Øien / Havforskingsinstituttet

— Sjå etter gigant-hai i sommar

NPK: Havforskarar vil lære meir om brugda, som er den største haien i norske farvatn. No vil dei ha melding frå folk som ser denne vennlege hai-kjempa i sommar.

Sidan brugda er eit relativt sjeldan syn, ønskjer forskarane seg meir kunnskap om kvar den vandrar. Det er derfor viktig at folk melder frå dersom dei ser brugde.

— Då kan vi kartleggje kvar den vandrar, og kvar den held til i ulike periodar. Det igjen aukar sjansen for at vi kanskje kan finne brugde vi kan merke, slik at vi kan følgje dei og lære meir om brugda, seier hai-forskar Claudia Junge på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

I fjor kom det inn 22 meldingar frå folk som hadde sett brugde, året før kom det inn 43. Flest observasjonar har det vore i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og i Lofoten.

Brugda er den største haien i norske farvatn, og kan bli opptil elleve meter lang. Brugda er heilt ufarleg for menneske.

— Brugda er den nest største fisken i verda, men vi veit dessverre altfor lite om denne haiarten, seier Junge.

Den blir oftast observert i overflata med eit ope gap på opp mot ein meter. Då filtrerer den sjøvatn for dyreplankton, som er det brugda har på menyen.