Industriområdet Tongane i Etbe ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Industriområdet Tongane i Etbe

Vil bygge biogassfabrikk i Etne

Biogass-selskapet Renevo AS vil investere 200 millionar kroner i ein biogassfabrikk i Etne.

Publisert Sist oppdatert

Renevo AS er i desse dagar i ferd med å sluttføre arbeidet på sin første biogassfabrikk på industriområdet Eldøyane på Stord. I samband med at klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) la ned grunnsteinen der i fjor, uttalte administerande direktør Jan Kåre Pedersen at selskap vil bygge ti slike biogassfabrikkar i Noreg.

Og no er det klart at dei har sikta seg inn på Etne som lokasjon for fabrikk nummer to. Renevo har i den forbindelse inviterte til ei pressekonferanse i ettermiddag. Bakgrunnen for ønskjet om å etablere biogassfabrikk i Etne skal vere god tilgang på råvarer, som i første rekke vil vere gjødsel frå bøndene, men også avfall frå oppdrettsæring og hushald.

20-30 arbeidsplassar

Ei etablering vil etter det Grannar erfarer bety ei investering på omkring 200 millionar kroner, og mellom 20 og 30 nye arbeidsplassar i fabrikken. I tillegg til dette kjem sysselsetting mellom anna knytt til transport, og meir næringsaktivitet for landbruket, i og med at råvarene vil vere basert på gjødsel frå bønder og oppdrettsnæringa i regionen.

Nøyaktig kor i Etne fabrikken eventuelt skal byggast er ikkje klart enno. Men etter det Grannar forstår er Tongane industriområde nær sentrum, ein av fleire aktuelle område.

Jan Kåre Pedersen, dagleg leiar i Renevo, er klar for å investera i eit biogassanlegg i Etne.

Lokal og utanlandsk kapital

Renevo AS heitte tidlegare Sunnhordland Naturgass AS. Bak selskapet står lokale investorar på Stord, med den profilerte næringslivstoppen Jan Kåre Pedersen i spissen, som i 2017 kjøpte SKL sitt tank- og røyrleidningsnett for naturgass på Stord.

I september i fjor kjøpte Gasnor AS 50 prosent av aksjane i Renevo AS. Gasnor har bygd seg opp som distributør av naturgass og har hovudkontor på Karmøy, og har i mange år vore eigd av Shell. Men dei vart kjøpt opp av spanske Molgas tidlegare i år. Dei har igjen det store franske investeringsselskapet InfraVia som eigarar.

Renevo-gründar Jan Kåre Pedersen har tidlegare etablert arbeidsplassar i Etne, då telemarkerting selskapet Stord Dialog etablerte ei avdeling i kommunen i 2006. Den satsinga gjekk som kjent ikkje så bra. Avdelinga som var lokalisert i Meierigården i Etne vart lagt ned etter eit halvt år. Stord Dialog, som på det meste sysselsette 150 personar i Sunnhordland, gjekk konkurs i mai 2009. Men mykje tyder på at Pedersen kan gjere større suksess med biogass.

Både i Danmark, Sverige og på kontinentet elles er det dei siste åra satsa stort på biogass. Noreg har lege etter, men i mai vedtok Stortinget å sidestille biogass med elektrisitet og hydrogen som fornybart drivstoffalternativ, og dei gav samstundes marsjordre til statlege Enova om å få på plass gode støtteordningar til bransjen.

I dette arbeidet har mellom anna stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) frå Vindafjord vore ein sentral pådrivar.

Biogass kan erstatte naturgass og kan slik bidra til arbeidet med å få ned utslepp av klimagassar. Biogass kan matast inn på eksisterande forbrenningsmotorar, til dømes på skip. Det er også venta auka etterspurnad etter biogass til lastebilar i åra som kjem.

Politikarane orientert

Eit endeleg investeringsvedtak for ein fabrikk i Etne vil ikkje bli gjort før lokale og sentrale myndigheiter har gjeve klarsignal. Etter det Grannar erfarer har politisk leiing i Etne vore orientert undervegs, gjennom møte som har vore lukka for pressa.

Etne-ordførar Mette-Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) skal etter det Grannar forstår vere til stades på ein pressekonferanse klokka 12.30 i dag, saman med representantar frå bondeorganisasjonar.

Oppglødde Etne-politikarar på dagens pressekonferanse på Stord. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) og Kristin Golf i front. Bak dei to er leiar i Etne bondelag, Roar Gundegjerde.

Enova-støtte

I ei pressemelding frå Renevo går det fram at den høge innovasjonsgraden i anlegga har selskapet fått støtte til sine investeringar frå Enova på nærare 50 millionar kroner. Men støtte til drift meiner administrasjonen ikkje blir nødvendig.

— Investeringane er store, så der treng me litt statleg hjelp, men å omdanna møkk og avfal til verdifull gass er så lønsamt at det ikkje er behov for statsstøtte når anlegga er oppe og går. Me budsjetterer med overskot på drifta etter kort tid, seier Jan Kåre Pedersen i Renevo.

Pedersen peikar på at Etne ligg svært sentralt til for lønsam produksjon av biogass med mykje landbruk, fiske og oppdrett. Etne ligg ved starten av fjellovergangen frå vest til aust, slik at ein framtidig fyllestasjon for biogass i bygda kan nyttiggjerast av transportnæringa. Pedersen trekkjer også fram at dei får tilgang til kaianlegg mot fjorden.

Anlegget er dobbelt så stort som det som er under bygging på Stord og vil årleg omdanna 110.000 tonn avfall frå landbruk og fiskerinæring til 120 GWh energi. Ein fjerdedel skal brukast til oppvarming av hus og bedrifter i nærområdet, medan resten blir drivstoff for bussar, lastebilar og båtar.

Powered by Labrador CMS