Camilla Bjørnevik fekk treft nokre med paintballgeværet, men fekk også gjennomgå sjølv, då ho deltok på paintball tidlegare i sommar.
Foto: Svein-Erik Larsen
Ny runde med gøy på landet
Gøy på landet har så langt vore ein suksess med mange barn og unge på aktivitetar over heile kommunen, melder Vindafjord kommune på sine nettsider. Dei to siste vekene før skulestart 16. august er det ny runde med aktivitetar. Påmeldingsfristen er torsdag 29. juli.
I tillegg til det som er av tilbod frå før, har det kome til songkurs på Sjøperlo i veke 31 og paintball på Frønsdal i veke 32. Begge aktivitetane er for 8.-10. klasse.