Reagerer på skrivemåte. Slik informerer Statens vegvesen om arbeidet i Espelandsvingane i Ølensvåg.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Det var på veganlegget i Espelandsvingane at sjåføren av eit vogntog køyrde på raudt lys. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Refleksjon under ein liten biltur

Om sommaren har mange aviser noko som dei kalla agurknytt. Når politikarane har tatt ferie og det elles er lite som skjer, må dei jo skriva om noko, det blir då kalla agurknytt. Det eg nå skriv kjem under den kategorien.

For det første vil eg gi beskjed om at eg er slutta å irritera meg, det blir ein berre sjuk av, nå er eg berre «øvegidde». Eg tar utgangspunkt i ein biltur frå Øvre Vats til sentrum i Vindafjord, Ølen. Dei er endeleg i gang med å retta opp Espelandsvingane, det er kjempeflott. Det er difor kome opp eit stort skilt i begge retningar der det står om dette arbeidet. I og med at dette har vore påtenkt i mange ti-år, er det uforståeleg at dei ikkje klarer å skriva om desse svingane rett, for på skilta står det Espelandssvingane! Desse skilta med denne skrivefeilen må eg sjå på – både fram og tilbake – i lange tider. Kanskje eg skulle finna meg ein kost og mala over den eine s-en.

Når eg då er forbi desse «ssvingane» møter eg ofte på ein buss der det på den står «ikke i trafikk». Då er det like før eg er på veg ut av min eigen bil, for ein buss som ikkje er i trafikk må jo stå i ro, parkerte  – ikkje vera på vegen i trafikken. Det må jo snart skje ei ulukke med alle desse bussane som er i trafikken, men gir beskjed både framme og bak, at dei er ikkje i trafikk. Dette er eg særs øvegidde over.

Og så er det alle desse sjåførane som leika politi. Dei pipta og gestikulera til andre trafikantar som om det berre er dei som kan køyra bil. Dei kan stoppa og ropa ut vindauga at – køyre du ikkje sånn eller slik, ringe eg til politiet! Men det einaste rette dei bør gjera, er jo å ringa politiet! Ein sjåfør som får ei slik overhaling kan bli så nervøs, og då verkeleg vera ei fare i trafikken. Så til alle dykk som trur de er verdsmeister i bilkøyring – vær så snill – ikkje bruk kjeften eller piptå på ting de ikkje har noko med –  ring politiet – det er dei som har myndighet til å rettleia i trafikken og som det berre er ei glede å snakka med. Frustrerte, irriterte personar må finna ein annan stad enn i trafikken for å få ut galskapen sin.

Anne-Lise Døvik