Hadia Tajik i samtale med administrerande direktør Lars Myhre Hjelmeseth. Tove Elise Madland (varaordførar i Vindafjord), og Jon Roger Midtun, driftsleiar til høgre. Foto: Grethe Hopland Ravn
Hadia Tajik i samtale med administrerande direktør Lars Myhre Hjelmeseth. Tove Elise Madland (varaordførar i Vindafjord), og Jon Roger Midtun, driftsleiar til høgre.

Ap-nestleiar fekk innblikk i oppvasken etter oljealderen

Då nestleiar i Arbeidarpartiet Hadia Tajik besøkte AF Decom i Nedre Vats, fekk ho med eigne auge sjå korleis miljøbasen jobbar for å fremja klima og miljø, samtidig som dei satsar på berekraftig utvikling.

Publisert Sist oppdatert

Saman med listekandidat til Stortinget, Tove Elise Madland (Ap), fekk Hadia Tajik tid til ein lynvisitt i Vindafjord sist torsdag. Ein av stoppestadene var miljøbasen AF Decom på Raunes, og her fekk stortingsrepresentanten omvisning av administrerande direktør Lars Myhre Hjelmeseth, og driftsleiar Jon Roger Midtun.

Miljøbasen rommar 70.000 kvadratmeter produksjonsflate der heile området har eit fall innover frå sjøen slik at alt overflatevatn renn rett inn i ein fjellhall på 900 kubikk. Deretter blir vatnet pumpa opp og går inn i reinseanlegg før det går ut i fjorden.

— Dette er det viktigaste elementet me har her på miljøbasen, for modulane som kjem inn til opphogging kjem frå både norsk og britisk basseng og innehar mykje farleg avfall, og utstyr som skal reinsast, seier Jon Roger Midtun.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS