Brannen i 2021 utvikla seg fort ved industrikjøkkenet til Skakke røykeri.
Foto: Privat
Brannen i 2021 utvikla seg fort ved industrikjøkkenet til Skakke røykeri. Foto: Privat

Brann i bygning i Etne

Klokka 9 i dag tidleg fekk politiet melding om brann i Åsavegen på Sørstranda i Etne.

Les også: Fire var på jobb då brannen vart oppdaga

Foredlingslokalet til Skakke Røykeri stod i full fyr då naudetatane kom til staden.

Bygningen ligg vegg i vegg med garasjeanlegg og berre få meter unna eit bustadhus.

Først etter ein dryg halvtime melde politiet at det ikkje var fare for spreiing.

Politiet sperra etter kvart av området og føretok avhøyr av vtine.

Brannårsaka er førebeøs ikkje kjend.