Politiadvokat Rune Gjertsen er aktor i bedragerisaka. Under innleiingsføredraget belyste han metoden han meiner blei brukt for å svindla store sommar frå folk.
Aktor Rune Gjertsen vann fram i retten. Den bedrageri-tiltalte mannen i 40-åra blei dømd til 5,5 års fengsel etter to rundar i tingretten.

Dømt på nytt for bedrageri

Mannen i 40-åra frå Grannar-distriktet som i oktober i fjor fekk fengselsstaff på fem år for grovt bedrageri, er no dømt på nytt. Også denne gong for grovt bedrageri.

Publisert Sist oppdatert

I oktober i fjor blei mannen som Grannar har skrive om fleire gonger, dømt til fem års fengsel for grove bedrageri. Mellom anna lånte han over 13,2 millionar kroner frå forskjellige lånegjevarar utan å betala tilbake. Det kom også fram i retten av 6,6 millionar av desse kronene blei brukte til pengespel.

I dommen frå oktober blei han dømt for seks tilfelle av grovt bedrageri, og for fem tilfelle av dokumentfalsk. Retten meinte det i denne saka førelåg fleire straffeskjerpande handlingar, mellom anna at bedrageria er gjort mot privatpersonar. Dette førte til store personlege og økonomiske belastningar for dei fornærma. Skånevikstrand Maskinstasjon var ein av dei.

No er mannen dømt til ytterlegare eit halvt år i fengsel, for nye forhold. Dermed må han belaga seg på 5,5 år i fengsel. Strafferamma på grovt bedrageri er opp til seks års straff.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS