Skjeljarvikjo i Ålfjorden. Langgrunt og flott til leik.
Foto: Friluftsrådet Vest
Forbyr nattparkering på friluftsområde
Vindafjord kommune har i samarbeid med Friluftsrådet Vest foreslått forbod mot nattparkering på ei rekkje friluftsområde i kommunen.
Forbodet er for bubilar og campingvogner frå midnatt til 06.00. Kommunen har sendt over skiltplanar til Statens vegvesen, og søknaden er overlevert til høyring hos Sør-Vest politidistrikt.
Tar opp plass
I søknaden påpekar kommunen at campingvogner og bubilar i aukande grad brukar desse parkeringsplassane til campingområde. Det medfører at det ikkje blir plass til parkering for andre besøkande på dei aktuelle friluftsområda.