Sokneprest Per Hjemdal fortvilar over at prosessen med å få høve til å kjøpe prestegarden ser ut til å dra enno meir ut i tid.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Sokneprest Per Hjemdal fortvilar over at prosessen med å få høve til å kjøpe prestegarden ser ut til å dra enno meir ut i tid.
Det er mellom anna fiskeretten i sone 2, kor også fiskefella til Havforskingsinstituttet ligg, Ovf ønskjer å halde på.ARKIVFOTO: ANCI TINDE
Det er mellom anna fiskeretten i sone 2, kor også fiskefella til Havforskingsinstituttet ligg, Ovf ønskjer å halde på.

Laksestrid forseinkar sal av prestegard

Usemje kring fiskerettar i Etneelva har forseinka prosessen med å leggje prestegarden i Etne ut for sal. Sokneprest Per Hjemdal, som har forkjøpsrett til eigedomen, fortvilar.

Publisert Sist oppdatert

Sokneprest Per Hjemdal og kona Mali ønskjer å kjøpe prestegarden dei har leigd sidan familien kom til Etne for 11 år sidan. Men ein strid om fiskerettar tilhøyrande prestegarden har fram til no forseinka prosessen som gardeigaren, Opplysningsvesenets fond (Ovf), har sett i verk for å få til eit sal. Ovf, som eig ei lang rekke prestegarder, inkludert Etne, ønskjer å selje den delen av prestegarden som består av bustadhus og tilhøyrande bygningar. Dette som ein konsekvens av at ordninga med buplikt for prestar vart opphava av Stortinget i 2015.

Vil halde på fiskerettar

Men Ovf ønskjer å halde på eigarskapen til fiskerettane i sone 2, 3 og 10 som årleg bidreg med om lag 150.000 kroner i inntekter til Ovf. Det er desse rettane som i lang tid har vore leigd ut til Etne jeger og fisk, som igjen leiger rettane ut til sine medlemmer og ålmenta elles. Ei ordning begge partar ønskjer å halde fram med.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS