Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Mange er klare for haustjakt

NPK: Mange jegerar startar jakta på denne tida. Miljødirektoratet minner om å betale jegeravgift og ha dokumentasjonen i orden.

— For mange jegerar startar jakta for alvor no, og alle jegerar må hugse å betale jegeravgifta og ha dokumentasjonen i orden. Dette fiksar du raskt og enkelt digitalt på Mi jegerside, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Etter at jegerane tok i bruk appen Min jegerdokumentasjon for å dokumentere bestått skyteprøve, har direktoratet for første gong statistikk over kor mange obligatoriske skot og skyteprøver som blir gjennomført av dei ulike arrangørane. Fordi det ikkje er krav om obligatoriske skot dette jaktåret, er det truleg avfyrt mange fleire obligatoriske skot enn dei som er registrerte.

Fram til no er det avlagd 96.000 skyteprøver dokumentert med appen Min jegerdokumentasjon. Direktoratet har ikkje tal for jegerane som brukar vitnemål på papir for å dokumentere skyteprøve.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS