Starta elite-sesongen med festfotball
Heimelaget Ølen G16, som spelar i elitedivisjonen i Rogaland, kontrollerte kampen mot Bryne frå start til siste fløytesignal. Laget som består av spelarar frå dei fleste bygdene i Grannar-distriktet, inkludert Etne, spelte flott og underhaldande fotball for dei over 100 frammøtte på Ølen SR-Bank Stadion. Vemund Skjæveland sørga for 1-0 leiing til pause, medan Tobias Kristiansen la på til 2-0 rett etter pause. Ølen kjørte i denne perioden over Bryne og la på 3-0 ved Nikolai Haraldseid. Seinare fastsette Idar Golf sluttresultatet til 4-0 på eit velplassert frispark.
Ølen møter berre motstand frå sørfylket denne hausten, og neste kamp er mot Kåsen, søndag om ei veke.