Jon Arne Markhus er trekkspelmannen som fortener ein blom. Han har spreidd mykje glede med trekkspelmusikken sin gjennom ei årrekkje, og har ingen planar om å slutta. Foto: Grethe Hopland Ravn
Jon Arne Markhus er trekkspelmannen som fortener ein blom. Han har spreidd mykje glede med trekkspelmusikken sin gjennom ei årrekkje, og har ingen planar om å slutta.

Trekkspel-mannen frå fjorden

Jon Arne Markhus (70) er for mange kjent som trekkspel-mannen» frå fjorden, og det er ikkje få gonger han ha takka ja når han blir spurt om å spela litt. Det skapar både glede og god stemning.

Publisert Sist oppdatert

At Jon Arne Markhus har spreidd glede med trekkspelmusikken sin til folk i ein mannsalder, er rett og slett eit faktum. Han har spelt opp til dans langs heile vestlandskysten, til konsertar eller songstunder i både kyrkjer, forsamlingshus, på institusjonar eller liknande, og med 60 års trekkspelerfaring, er 70-åringen etterkvart blitt varm i trøya. At han gler folk med musikken sin, er tydeleg for då Grannar jakta på kandidatar til sommarblomen, var Jon Arne Markhus eit namn som var sommarblomen verdig.

— Dette var veldig kjekt, og eg takkar så mykje for den flotte blomsterhelsinga. Eg lovar å halda fram med spelinga, for eg gler meg kvar einaste gong eg skal ut på oppdrag. Eg har ingen planar om å leggja trekkspelet på hylla, seier han.

Starta som 10-åring

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS