Robotgrasklipperar har vore kriminelt populære i år.
Foto: If
Uvanleg mange tjuveri av robotgrasklipperar
I sommar har forsikringsselskapet If aleine fått tjuverimeldingar om 25-30 robotgrasklipperar som er stole får hagar og uteområde. Det er uvisst om kriminelle smuglar grasklipparane ut av landet.
Aldri før har If fått inn så mange meldingar om tjuveri av sjølvgåande grasklipperar.
– Vi klør oss litt i hovudet over at det har blitt eit hopp dei siste fem-seks vekene, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If.
Ifølgje han blir robotklippere meldt stolne til forsikringsselskapet nå og då, men ikkje i eit slikt omfang som i sommar.