Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1.428 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.335, så trenden er stigande.
Tysdag var 103 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var ni fleire enn dagen før.
32 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 13 på respirator. Det er to færre på intensiv og éin færre på respirator enn dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Ved midnatt natt til onsdag var det utført 7,3 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 170.173 personar testa positivt.
Tysdag hadde 3.911.622 personar fått første dose av koronavaksinen, medan 3.293.853 personar hadde fått andre dose. Ifølgje VGs oversikt var det ved midnatt onsdag sett totalt 7.231.117 dosar.
Til saman er 823 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
58,3 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 18 dødsfall i Noreg.
Oslo
Det er registrert 526 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Det er 152 færre enn same dag førre veke, men 106 fleire enn måndag.
Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 402 smitta per dag. Smittetoppen i Oslo var 31. august i år med 680 tilfelle på eitt døgn.
Smittetala er høgast i Søndre Nordstrand bydel. Her er det eit smittetrykk på 1.155 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene.
Deretter følgjer Nordre Aker og Ullern bydel med høvesvis 1.154 og 1.041. Tala er lågast i bydelane Sagene, Frogner og Grünerløkka.
Til saman er 46.759 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor.
Lokalt
Grannar: Verken Vindafjord eller Etne kommune har meldt om smitte denne veka. Vindafjord hadde ni positive resultat i førre veke.