Rigmor Vik har utstilt 30 måleri i Nesheimstunet i Nedre Vats. Det er varierte motiv, av både natur, bygningar og menneske, men det er menneske ho likar best å måla.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Elskar å måle menneske
Rigmor Vik (78) har i over 50 år hatt kunstmåling som hobby, og unnar seg ei stund framfor staffeliet kvar einaste dag. — Då er det noko som skjer mellom lerretet og meg. Det er ein eigen dimensjon der altså, seier ho.
Dei siste vekene har Rigmor Vik frå Skjold hatt utstilling på Nesheimstunet i Nedre Vats. Her har 30 måleri pryda veggene, og motiva i bileta er frå både naturen, av bygningar og ikkje minst av menneske. Det er menneske ho likar best å måla.
— Eg er så glad i å portrettera menneske, men det er ekstra vanskeleg å måla personar som står meg nær. Då ser eg så mykje meir enn fotografiet eg vanlegvis har mellom hendene når eg målar. Då følgjer eg slavisk alle linjer i biletet, seier Vik, som alltid startar eit nytt måleri med blyantstrek.
50 år