Marton Hustoft får utdelt kultur- og frivilligprisen frå ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Fekk utdelt kultur- og frivilligprisen
I februar fekk Marton Hustoft Etne kommune sin kultur- og friviligpris, men på grunn av koronapandemien har har ikkje fått overrekt det synlege diplomet før no. Fredag var det høgtidleg opning av det nye tribunebygget i Etne, og med full tribune blei Hustoft gjort stas på.
Etne kommune sin kultur- og frivilligpris for 2020 blei i februar tildelt Marton Hustoft (74) for hans positive innstilling til det meste, og gode innsats i fleire lag og organisasjonar over mange år. Det er driftsutvalet som avgjer kven som skal tildelast kultur- og frivilligprisen, og det blei avgjort at prisen skulle gå til Marton Hustoft.
I statuttane for tildeling står det at prisen skal utdelast til ein person som har gjort ein aktiv innsats for å styrka kulturlivet, eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjera kommunen kjent utover landet på det kulturelle plan. Her meiner utvalet at Hustoft har gjort ein grundig innsats og fortener prisen. I grunngjevinga frå forslagsstillaren står det at Marton Hustoft fortener å bli sett pris på.
Han har i mange år vore aktiv i mange lag og organisasjonar. Han var med i Røde Kors frå 1978, han har vore aktiv i Lions som blei stifta i 1995, kor han framleis sit som styresmedlem. Frå 2004 har han vore hyttevakt på Storvassbu for Haugesund Turistforening, samtidig som han i fleire år har vore leiar i vardegruppa i Etne Turlag som ligg under HT. I alle år har han også vore leiar for Etne Turlag, og favoritturen er den årlege turen som går frå Etne til Sauda.